Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Harry

  • Det er jo grovt urettvist for Vestlandet at vi ikkje har grense til Sverige. Harryhandel er berre ein fjern draum fem–seks hundre kilometer unna. Som vestlendingar seier før nokon ber oss om det, har Vestlandet vore retta ut mot kontinentet og ikkje mot Austlandet og Oslo. Difor har vi hatt skip til Newcastle og Tórshavn i staden. Men den siste Englandsbåten gjekk frå Bergen i 2008, og etter det har han sokke i ein storm utanfor Vietnam. MF Norrøna frå Danmark til Færøyane sløyfa Bergen frå ruta i 2009.