- På høgdedraget mellom Våland og Kannik i Stavanger ligg Stavanger museum, Rogaland teater og Arkeologisk museum. Det er eit lite kulturkvartal. Flotte bygg, viktige institusjonar. Dette veit så klart Stavanger kommune òg, så dei har i gang eit visjonsarbeid for området, skriv Stavanger Aftenblad. Det litt spesielle for akkurat dette visjonsarbeidet er at kommunen vil gje heile området namn etter visjonen – Akropolis-visjonen – og området skal heite Akropolis. Arbeidarpartipolitikar og forfattar Tore Renberg har engasjert seg. Han meiner området må få namn etter arkitekten bak dei flotte bygga, Hartvig Sverdrup Eckhoff, og at området må heite Eckhoff-høgda.
Akropolis
Dagboka