- Eg var aldri eit stort fotballtalent. Eg hadde god kondisjon og fart, men det var det. Eg sprang opp og ned høgresida med dårleg ballkontroll frå backposisjonen min. Kanskje andre sportar der kondisjon og fart var det einaste viktige, ville vore meir rett å satse på, men det er seint å tenkje på no. Som ung hadde eg ein trenar som sette pris på innsats og hardt arbeid, sjølv om ein var blotta for talent. Han viste glede då vi vann, omsorg då vi tapte, og han kjefta oss huda full då vi trong og fortente det. Viktigast av alt: Dei som ikkje hadde svarte fotballsko, fekk straffetrening.
Rune
Dagboka