Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Medan verda fordømte IS-indoktrinering av barn, profitterte NXIVM på same teknikkar i USA.

Sjølvhjelp til kvinnehat

WACO ELLER JOHNSTOWN NESTE? Sjølvhjelpsorganisasjonen NXIVM gjekk gjennom ei valdeleg radikalisering i dei sju åra India Oxenberg var fanga i sekta. FOTO: CMORE/TV 2 SUMO

Ein kult for vår tid.

(USA, 2020)

Regi: Cecilia Peck.

Manus: Cecilia Peck, Inbal Lessner.

Med: India Oxenberg, Catherine Oxenberg, Jajna Lalich.

Lengde: Fire timelange episodar.

Vist på: C More og TV 2 Sumo.

Den 27. oktober 2020 vart leiaren av sjølvutviklingsselskapet NXIVM, Keith Raniere, dømd til 120 års fengsel i USA for sexhandel, tvangsarbeid, utpressing og oppbevaring av overgrepsmateriale. NXIVM (Uttala Nexium) vart verdskjend i 2017, då avhopparar avdekte den hemmelege, interne organisasjonen DOS (Dominus Obsequious Sororium): Eit slavehierarki av kvinner brennemerka med initialane KR over underlivsbeinet. Avsløringa førte året etter til avvikling av selskapet, som med rette vart kalla ein kult. For medlemmer som hadde gått heilt opp i NXIVM var ikkje slutten like lett.