Sjølvhjelp til kvinnehat
Medan verda fordømte IS-indoktrinering av barn, profitterte NXIVM på same teknikkar i USA.

(USA, 2020)
Regi: Cecilia Peck.
Manus: Cecilia Peck, Inbal Lessner.
Med: India Oxenberg, Catherine Oxenberg, Jajna Lalich.
Lengde: Fire timelange episodar.
Vist på: C More og TV 2 Sumo.
Den 27. oktober 2020 vart leiaren av sjølvutviklingsselskapet NXIVM, Keith Raniere, dømd til 120 års fengsel i USA for sexhandel, tvangsarbeid, utpressing og oppbevaring av overgrepsmateriale. NXIVM (Uttala Nexium) vart verdskjend i 2017, då avhopparar avdekte den hemmelege, interne organisasjonen DOS (Dominus Obsequious Sororium): Eit slavehierarki av kvinner brennemerka med initialane KR over underlivsbeinet. Avsløringa førte året etter til avvikling av selskapet, som med rette vart kalla ein kult. For medlemmer som hadde gått heilt opp i NXIVM var ikkje slutten like lett.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent