- Då eg var med i Studentmållaget i Bergen, skulle vi stå for ein programpost på ei større tilskiping. Vi tenkte at ein litt artig kviss kunne vere ein enkel måte å gjere det på. Men vi måtte jo ha nokon litt artig og kjent til å lese opp spørsmåla. Då gjekk vi til medlemslista for å sjå om det var nokon kjente namn der. Langt nede stod dei gamlekarane som berre held fram å betale medlemspengane. Helge Jordal er blant dei. Vi spurte han, og jada, han stilte opp. Heile opplegget vart ein suksess, og han ville ikkje ha honoraret eingong, så vi måtte snike oss til å få gjeve han pengane mot viljen hans.
Åjehelvete
Dagboka