HJELP: Ei omlegging kan innlemme langt fleire i pensjonsordninga AFP, men det vil kosta, ifølge ei utgreiing. Krefter i LO vil at ei ny regjering stiller opp med pengar.
– Dette blir ei veldig viktig sak frå LO inn i valkampen fordi det angår så mange av våre medlemmar, seier Steffen Høiland i Fellesforbundet, LOs største forbund i privat sektor, om arbeidet med å få på plass ei ny ordning for avtalefesta pensjon (AFP).