Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Omgangsskulelærar

Tom Hanks og Paul Greengrass vrengjer John Wayne og John Fords westernmytar.

DOBBEL DANINGSREISE: Jefferson Kidd (Tom Hanks) tar oppgåva med å frakta den kidnappa Johanna ­(Helena Zengel) heim. FOTO: NETFLIX Photo Credit: Bruce W. Talamon/Universal Pictures/Netflix

(USA, 2020)

Regi: Paul Greengrass.

Manus: Paul Greengrass og Luke Davies etter Paulette Jiles’ roman.

Med: Tom Hanks, Helena Zengel, Elizabeth Marvel, Thomas Francis Murphy.

Lengde: 1 t. 58 min.

Vist på: Netflix.

Fem år etter den amerikanske borgarkrigen har texanar og tidlegare konfødeasjonskaptein Jefferson Kidd funne eit nytt levebrød som avisopplesar. I Tom Hanks sedvanlege heidersmannstolking liknar den krigstrøytte og skuldtyngde offiseren mest på ein forståingsfull og velmeinande omgangsskolelærar, der han reiser mellom småbyar i heimstaten for å gje allmugen siste nytt frå nær og fjern. Lesekveldane er eit populært avbrekk frå kvardagen, anten publikum er analfabetar (som 20 prosent av kvite amerikanarar var i 1870) eller for fattige eller ignorante til å halda eigne aviser.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?