Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bekymra over russisk atomavtale

UROA: Førre veke forlengde USA atomavtalen Ny start med Russland i fem år. Avtalen regulerer atomvåpenarsenalet i landa. – Bekymringa vår er at avtalen ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje ny teknologisk utvikling, seier sjef Nils Andreas Stensønes i Etterretningstenesta til The Barents Observer. Dei siste åra har Russland testa ny våpenteknologi i mellom anna Barentshavet og Kvitsjøen, område tett på Noreg. Mellom anna har dei testa Poseidon, ein undervassdrone som skal ha atomvåpen. Stensønes seier at dei nye våpena er vanskelege å forsvare seg mot sidan dei flyg lågt eller under vatn. På biletet er ein atomkraftdriven russisk kryssar. ©NPK