«Vi berre får inn ei kokeplate og kokar betasuppe som faen.» Eg var innom stampuben her ein dag for å bryte monotonien ved å sitje heime kvar dag ved å ta ein lettøl ute. Å sitje åleine i baren høyrest trist ut, og å sitje åleine i baren med ein lettøl høyrest endå tristare ut. Men lettøl er det nye no, og det er overraskande kjekt. Ein annan stad eg frekventerer, har hatt ope enkeltdagar for å servere pizza, og faste gjestar kjem for å ete og støtte staden. Kokken gjekk ut i lokalet og kremta. «Folkens. Vi e desverre tom for lettøl. Men noen er på butikken no. DET KOMMAR MER LETTØL!» Til vill jubel.
Vi skikkelege folk går jo på sjølvstendige barar og vil at dei skal overleve. Det er desse som går heilt på marginane og ikkje vil klare seg om dei må halde stengt for lenge. Heidi’s Bier Bar og alt slikt drit med eit dansk milliardkonsern i ryggen, kan betale husleiga same kor lenge pandemien varar. For nokre veker sidan hadde nokon ein aksjon der dei hengte opp plakatar med «Her opnar Espresso House/Starbucks/McDonalds» over uavhengige klesbutikkar, kafear og barar. Korleis byen vil sjå ut etter pandemien, er avhengig av korleis vi bruker han no. «Taking a breath from all your worries / sure would help alot», men då må stadane der alle kjenner namnet ditt eksistere.
Frå i dag kan serveringsstadar skjenke alkohol til maten. Ikkje i Oslo, då. Det einaste stabile i Arbeidarpartiet om dagen, er handhevinga av skjenkeforbodet i hovudstaden. Men dei kommunane som føler dei har lågt nok smittetrykk, kan opne, etter opposisjonen overkøyrde regjeringa i ei politisk suppe. Før det nasjonale skjenkeforbodet har eg tenkt at eg bur i Vegas, sidan barane var opne i Bergen. Men Vegas hadde vore kjekkare med betasuppe.