Alderen holder sjelden tritt med aldringen
— HAUK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Har fått ny smittevernoverlege
BERGEN: I går starta Frank van Betten som ny smittevernoverlege i Bergen, men helsebyråd Beate Husa (KrF) vil ikkje love å lytte til alle råda hans. På ein pressekonferanse i går fortalde helsebyråden at ho ventar klare råd om pandemihandteringa i kommunen, og at van Betten blir del av kriseleiinga. – Eg kan ikkje love at byrådet til punkt og prikke vil følgje alle råda dine. Det er noko som kallast politisk rasjonal og politisk handlingsrom. Vi skal ha jamlege møte, og dersom vi etablerer kriseleiing, skal du vere med der. Og dersom det blir aktuelt med påbod og forskrifter, vil du bli teken med på råd, seier Husa, ifølgje Bergensavisen.©NPK