SKOLE: Blir koronatiltaka vidareførte i vår, kan regjeringa opne for å senke lærekrava, seier kunnskapsminister Guri Melby (V). – Viss det blir unntakstilstand langt utover våren, må vi sjå på kva vi forventar av det faglege læringsutbyttet, om alle skal oppfylle målet i læreplanen, seier Venstre-leiaren til Dagens Perspektiv. Ho understrekar likevel at rektorar og lærarar førebels blir forventa å dekkje heile pensum, men at ho har forståing for at situasjonen er krevjande. – Eg skjønner det viss ikkje dei til dømes får gjennomført alle møte og seminar dei hadde planlagt om dei nye læreplanane, seier Melby. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene