FORNYBAR KRAFT: Equinor går inn i North2-prosjektet i Nederland, som blir rekna som Europas største for såkalla grønt hydrogen, som blir produsert ved hjelp av elektrolyse av vatn. Prosjektet har som mål å produsere grønt hydrogen frå 4 gigawatt innan 2030, og 10 gigawatt innan 2040 ved bruk av fornybar kraft frå havvindanlegg utanfor kysten av Nederland. – Målet vårt er å bli eit klimanøytralt selskap innan 2050, seier konsernsjef Anders Opedal i Equinor i ei pressemelding. De andre selskapa i prosjektet er britisk-nederlandske Shell, tyske RWE og nederlandske Gasunie. På biletet freser ein hydrogen- og solcelledriven katamaran rundt i Amsterdam.©NPK