Gammal mytologi kan gje ny innsikt.
Ordet «myte» har eit rikt, samansett og til dels motsetningsfylt innhald. I dagleg bruk tyder det ofte «oppspinn», «falsk oppfatning», og ei bok vert omtala positivt om ho «knuser myten om» det eine eller det andre. Kunstnarmytens aura av bohemliv og mytane om dei store oppdagingsheltane og andre historiske supermenneske vert avkledd og lagnadane meir menneskeleggjort.