Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ro

  • Ein gong like etter partiet Sentrum varsla sin eigen fødsel i haust, diskuterte eg og ein kamerat resten av sentrum i norsk politikk. Vi er begge to plassert politisk ein udefinert stad på venstresida, men med klare sympatiar for nokre verdiar som er viktige for Kristeleg folkeparti eller Venstre. Eg skyt inn at eg røysta KrF ein gong. Han snur seg mot meg, nikkar og seier «det stemmer, du er jo kristen». Eg er ikkje det, men eg likar eigentleg at venane mine trur det.