Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Politiet får bruke dronar

I LUFTA: Etter eit vellykka pilotprosjekt er det bestemt at alle politidistrikta i Noreg skal få byrje å bruke dronar i arbeidet sitt. – Dronar gjer at politiet raskare kan få oversikt. Dette er ein del av det nye politiet, som bruker ny teknologi for å kjempe mot kriminalitet som heile tida er i endring, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding frå Politidirektoratet. Agder, Trøndelag og Troms politidistrikt har sidan september 2019 testa bruk av dronar til ulike politiformål. Tilrådingane frå alle distrikt er at bruk av dronar bør vidareførast i politiet. Det er opp til kvar enkelt politimeister å ta dronar i bruk i politidistriktet sitt.©NPK