Flott design balanserer ei kryptisk handling.
(Julemandens datter 2, Danmark, 2020)
Regi: Christian Dyekjær.
Manus: Uffe Rørbæk Madsen, Lars T. Therkildsen.
Med: Ella Testa Kusk, Bertil Smith, Martin Buch, Mia Lyhne, Henning Jensen.
Lengde: 1 t. 32. min.
Aldersgrense: 6 år.
I «Julenissens datter» (2018) vart Lucia (Ella Teste Kusk) første jente til å bli tatt inn på Julenisseskolen, som «alle» meinte berre passa for gutar. Når regissør Christian Dyekjær har samla skodespelarane på nytt til «Julenissens datter 2 – Jakten på Kong Vinters krystall», har Lucias foreldre lagt skepsisen til utdanningsvalet bak seg.