Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Retorikken til regjeringsadvokat Fredrik Sejersted er ikkje berre eit problem for dei han angrip, men også for han sjølv.

Eit amerikanisert rettsvesen?

TRU MOT KVEN? Ei regjering med MDG og SV vil innehelde klimaaktivistar som regjeringsadvokaten nærast har framstilt som fiendar av demokratiet, skriv forfattarane.FOTO: SIV DOLMEN Foto: Siv Dolmen

Etter å ha følgd Klimasaka i Høgsterett i sju dagar, har vi vorte urolege for ei «amerikanisering». Ikkje fordi vi deler regjeringsadvokat Fredrik Sejerstedt sin påstand om at heile Klimarettsaka er eit forsøk på å flytte makt frå Stortinget til domstolane. Men fordi vi er uroa over den type karakteristikkar og delegitimerande argumentasjon som regjeringsadvokaten kom med i si prosedyre. Vi er uroa for at dette bidreg til politisering av retten og polarisering mellom rettslege tilnærmingsmåtar, ulike deler av staten, og ikkje minst til oppfatninga om at regjeringsadvokaten sjølv er ein rettspolitisk og politisk aktør.