Svarar ikkje om natta
Regjeringa har fjerna påbodet om døgnopen drosjesentral
Trur distrikta vil tapa

I alle år har drosjesentralane hatt telefonen på døgnet rundt, også i distrikta der det kan gå lang tid mellom kvar gong nokon treng drosje midt på natta.
Framover kan dei sjølv bestemma opningstidene. Landet over byrja taxisentralar å skru av telefonen då dei nye taxireglane tredde i kraft sundag.
– Eg vil tru at me ganske snart vil sjå at drosjane stenger på ugunstige tider i distrikta. Det trur eg er fyrste konsekvensen, seier Svein-Harald Solberg.
Han er drosjeeigar med to sjåførar og styreleiar for Osterøy Taxi AS, nord for Bergen. Han har jobba i næringa i snart 25 år, og meiner regelendringane som no tredde i kraft, er lite gjennomtenkte.
– Er det mange som ringer natt til tysdag?
– Nei, men me er i beredskap om det ringer. Det kan gå fleire dagar mellom du køyrer om natta, men det er alltid nokon klare.
Stengde over natta
Taxiliberaliseringa har alt fått ein direkte effekt i distrikta: Når taxisentralane ikkje lenger har krav om å halda ope, forsvinn tilbodet.
På både Smøla i Møre og Romsdal og Nes i Hedmark stengde telefonane om natta på dagen etter taxiliberaliseringa vart innført. Dei har vakt om det er naud for augneblikkeleg hjelp eller turar bestilt på førehand.
– Eg har kontakt med fleire som stenger om natta. Det er ein konsekvens av reforma. Ein daglegvarebutikk kan ikkje ha ope 24 timar i døgnet fordi nokon vil ha ein dorull klokka halv tre, seier Egil Lillehaug, dagleg leiar i Smøla Taxi.
Også på Osterøy kan konsekvensen av dei nye reglane bli at du ikkje får svar om natta.
– Me må også vurdera om me skal ha førehandsbestilling om du skal ta drosje ut på natta, seier Svein Harald Solberg.
«Eg hadde ikkje tankar om at det skulle komma eit regelverk som nærast ville rasera tryggleiken for sjåførane mine»
— SVEIN-HARALD SOLBERG, OSTERØY TAXI AS
Norges Taxiforbund er bekymra og trur fleire vil følga etter Smøla og Nes og andre som alt har slått av telefonen om natta.
– Det er dette me har frykta, at tilbodet vil forsvinna heilt i distrikta i periodar av døgnet, seier direktør i Noregs taxiforbund Hanne Skåle Thowsen.
Forbundet har ikkje oversyn over kor mange sentralar som slår av telefonen om natta og i helga.
Får konkurranse frå nettet
– Det er bra at me ikkje vert regulert frå A til Å og kan bestemma meir over eigen driftsmodell. Men me har ikkje sett nokon effekt enno, det er ein liten marknad her og ingen andre som har søkt om å køyra, seier Lillehaug i Smøla Taxi.
Han hadde planlagt å slå av telefonen om natta for selskapet sitt heilt sidan liberaliseringa kom på tale.
– Det er veldig ekkelt for dei som har behov. Samstundes har me vakt for augneblikkeleg hjelp og førehandsbestilling av turar, seier Lillehaug.
Konkurransen frå sosiale medium gjer det vanskeleg å behalda ein marknad på natta.
– Me vert utkonkurrert av sosiale medium. Dei har sine eigne nettverk der dei køyrer inn fleire gongar det me gjer på ei helg, seier Lillehaug.
Også i Nes har dei stengt telefonane om natta.
– Det er lite køyring på natta. Me skal gjera eit forsøk på å legga om, seier dagleg leiar i Nes taxisentral Jacob Kongsrud-Lie.
Prispress på anbod
Ein stor del av inntektene til mange i næringa, kjem frå kontraktskøyring. Både skuleelevar, sjuke og eldre tar drosje på det offentleges rekning.
– Konsekvens nummer to trur eg blir at dei som lyser ut offentlege anbod berre går på ein ting, og det er pris, seier Solberg på Osterøy.
Grepet regjeringa tar for å sikra drosjetilbodet i distrikta, er å gi fylkeskommunane i oppgåve å tildela einerettar dei stadane der marknaden sjølv ikkje gir eit godt tilbod.
Dette gjeld i 323 av landets 356 kommunar. Ved tildeling av einerett gir fylkeskommunen eitt eller fleire selskapshøve til å køyra drosje i ein kommune.
Men dette er lite gjennomtenkt, meiner Solberg. Han har alt sete i fleire møte med samferdselsbyråkratar i Vestland fylke, som jobbar med å forma ut dette systemet.
– Dei har ingen fornuftig plan for korleis dei skal gjera det. Det er elleve fylke, men ingen har like planar. Føresetnadar for å driva med tilsvarande næring, om det er i Oslo eller Osterøy, må vera at vilkåra vera like over heile landet.
Ifølge Solberg kan resultatet i Vestland fylke bli anbodskonkurransar om einerettane, men utan økonomiske fordelar for dei som vinn anboda.
– Det er snakk om nullanbod. Dei vil ikkje betala for at nokon skal sitta på vent. Det er ingen økonomiske fordelar med å få einerett.
– Den eineretten er ikkje verdt papiret han er skriven på. Per dags dato så er det en einerett gir deg, rett til å halda vakt 24/7. Han gir deg ikkje retten til kunden.
Men for drosjane på Osterøy er det uansett ikkje snakk om å få bli med i ordninga, for kommunane som ligg like ved større byar slepp ikkje inn i einerett-systemet.
Ønsker ein god jobb
At det ikkje lenger skal regulerast kor mange drosjar som køyrar innanfor definerte område, er det verste med dei nye reglane, meiner Solberg på Osterøy.
Til no har talet på drosjeløyve blitt avgrensa ut frå offentleg trafikkstatistikkar, for ikkje å få for mange drosjar i marknaden.
– Dei som køyrar taxi, skal ha ei lønn dei også. Det er alt eit låglønnsyrke. På nokre tider av døgnet blir det press, som halv to i helgene i Bergen. Du kan ikkje pøsa på med så mange drosjar for å ta den toppen. Kva skal dei leva av resten av resten i veka?
Ifølge Solberg har ikkje nokon område i dag behov for fleire drosjar på vegane. Alt som blir etablert nytt no er overskott.
– Det vil resultera i at det er fleire som skal leva av det same.
Det er vanskeleg å spå konsekvensane av dei nye reglane, men han ser ikkje lyst på det, sjølv om enkelte av endringane også er til det betre.
– Me føler at samfunnet ikkje vil spela på lag med oss. Eg hadde ikkje tankar om at det skulle komma eit regelverk som nærast ville rasera tryggleiken for sjåførane mine. Eg ønsker jo at sjåførane våre skal ha ein fin jobb, seier han.