Det er ikkje ei spalte for tidleg å skriva om omsetjing. Først orda: Engelsk har translation, fransk traduction, tysk Übersetzung, svensk översättning, dansk oversættelse, finsk käännös. Bokmål har oversetting og oversettelse. Av alle skriftspråk eg kjenner, er bokmålet eineståande. Forklaringa er at bokmål (tidlegare riksmål) historisk sett har stått i skvis mellom norsk og dansk, og skvisen har i dette tilfellet vore så fruktbar at bokmål kan skilta med to ord. Det første kan skildra handlinga, det andre kan visa til ferdig tekst.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.