Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hydro og Lyse lagar felles selskap

VASSKRAFT: Hydro og Lyse slår saman delar av vasskraftproduksjonen sin for å skape ein sterk felles kraftaktør. Det nye selskapet skal heite Lyse Kraft. Kraftverka som blir fusjonerte, ligg på Sør-Vestlandet, og ni kraftverk i Hydros Røldal Suldal Kraft-anlegg (RSK) inngår saman med det meste av Lyses kraftportefølje, bortsett frå Jørpeland Kraft. Hydro får med dette eit auka engasjement på Sør-Vestlandet og veks som operatør av fornybar kraft med ansvar for totalt 33 vasskraftverk i Noreg. Hydro skal eige 25,6 prosent og Lyse skal eige 74,4 prosent av aksjane i selskapet, som vil ha ein produksjon på 9,5 TWh vasskraft i eit normalår.©NTB