Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det handlar om folkeskikk.

Nei til blasfemi

Retten til blasfemi er ein del av ytringsfridommen, skriv til dømes Lars Gule (Klassekampen 24. september). Difor må det vere tillate å brenne Koranen offentleg og å trykkje teikningar av Muhammed som gris eller hund. Det å brenne skrifter som somme ser som heilage, kan rett nok såre. Men folk blir såra for så mykje, som svikt i kjærleik eller forbigåing på jobb. Slik er det å vere menneske. Om Koranen blir brent på offentleg plass, hindrar det dei ikkje i å tru eller å misjonere for trua og krenker difor ikkje menneskeverdet, skriv han.