Du kan bla til neste sideBla med piltastene

8 av 10 kommunar har eller vurderer å kutte i tilboda, ifølge undersøkingFagforbundet er bekymra

Budd på nye kutt

ÅTVARAR: Leiar i Fagforbundet Mette Nord er uroleg for kommuneøkonomien. Særskilt er ho bekymra for kutt i tiltak retta mot born, eldre og pleietrengande. FOTO: ANNIKEN C. MOHR

UÅR I VENTE: Fagforbundets leiar Mette Nord fryktar smertefulle kutt i landets kommunar neste år.

Frå vondt til verre. Slik trur Fagforbundet det vil gå med kommuneøkonomien neste år. Fagforbundet organiserer nær 200.000 arbeidstakarar i kommunane og fylkeskommunane, og har 18.000 tillitsvalde ute i landets kommunar.

– Folk kjenner på kroppen at 2020 er eit krevjande år. Det var det også før koronaen. No er tilbakemeldinga at ein sit i møter og det blir varsla om kutt, nedbemanning og at ein vil gå med underskott, seier Mette Nord, som er leiar for Fagforbundet (LO).

61 prosent mot underskott

Heile seks av ti kommunar ventar seg eit underskott på driftsbudsjettet for 2020, ifølge ei undersøking Sentio har gjort på oppdrag for Fagforbundet. Undersøkinga er gjort i tidsrommet 11. til 28. september 2020, og 78 prosent av kommunane i landet er representerte.

Undersøkinga viser vidare at 42 prosent har planlagt eller gjennomført reduksjon i kommunale tenester, mens 39 prosent vurderer kutt i kommunale tenester. Altså er til saman 8 av 10 kommunar i kuttmodus. Fire av ti kommunar har vurdert, planlagt eller gjennomført oppseiingar av arbeidstakarar, viser undersøkinga.

– Ein kvar ansvarleg kommunedirektør og politisk leiing er ansvarleg for å komma i balanse. Det kan ikkje bety anna enn kutt. Me er engsteleg for at tenestetilbodet til innbyggarane må reduserast, seier Nord.

På spørsmål om kva tenester som får eller har fått redusert ramme, ligg administrasjon på topp, med skule og SFO, helse og omsorg like bak, viser undersøkinga, som har vore omtalt i Dagbladet.

Blir kompensert

I går kom den fyrste rapporten om koronakostnadane for kommunesektoren.

Ifølge rapporten er koronaprislappen for kommunane og fylkeskommunane 8,8 milliardar kroner, når gunstige effektar som lågare arbeidsgivaravgift og lønns- og prisvekst er tatt med.

– I makro ser det ut til at sektoren blir kompensert. Men mange kommunar vil nok ikkje kjenner seg att. Det er vanskeleg å få kompensasjon som treff presist, sa styreleiar i KS, Bjørn Arild Gram.

Beskjeden frå kommunalminister Nikolai Astrup er at fylkesmennene har fått i oppdrag å kartlegga situasjonen i kvart fylke.

– Eg forstår at det er uvisse i kommunane. Men 900 millionar er framleis ikkje utbetalt. Viss det viser seg at dette ikkje er nok, vil regjeringa stilla opp med meir, seier Astrup.

I forslaget frå regjeringa blir det lagt opp til ein vekst i dei frie inntektene for kommunane på 3,1 prosent for neste år. Men store delar av denne veksten ligg an til å gå med til å dekka veksten i pris- og lønnsveksten.

Realveksten i dei frie inntektene for kommunane er på 0,4 prosent, og nær halvparten av norske kommunar vil få ein nedgang i dei reelle frie inntektene, ifølge Fagforbundets økonomar.

«Det er den nest laveste veksten i løpet av de 10 siste årene, hvis man sammenligner med regnskapstallene for kommunesektoren», skriv Fagforbundet i eit budsjettnotat til kommunalkomiteen på Stortinget.

Måndag er det høyring om statsbudsjettet for 2021 i kommunalkomiteen. Då vil Mette Nord be Stortinget om meir pengar til kommunesektoren.

– Det er ikkje pengar til noko. Budsjettet må styrkast. Det må opp, seier ho.

Fagforbundet meiner det er stor uvisse knytt til rapporten som KS og Astrup fekk i går, og at koronautgifter kjem på toppen av ein alt pressa økonomi.

– Du forventar at 2021 blir eit smertefullt år for kommuneøkonomien?

– Ja, det gjer eg, utan tvil.

Djupdykket Fagforbundets ekspertar har gjort av forslaget til statsbudsjett for 2021, viser at realiteten blir ein nedgang i det kommunale handlingsrommet neste år, som følge av meirkostnadar knytt til demografi, politiske satsingar som bind opp midlane og blant anna auka kommunale utgifter til ressurskrevjande tenester og ein underfinansiert barnehagenorm.

– Kven trur du vil merka kutta?

– Det kan vera tiltak særleg for sårbare grupper. Me er uroa særleg for oppvekstsektoren, dei som jobbar med særleg sårbare ungar, men også eldre og pleietrengande.

Forsvarar budsjettet

Kommunalminister Nikolai Astrup meiner det ligg an til eit godt år for kommuneøkonomien i 2021, med rom for ei styrking av tenestene i kommunane.

– Etter å ha tatt omsyn til vekst i demografi og pensjon, er handlingsrommet det høgaste på fem år. Med vekst i dei frie inntektene, er det rom til å styrka tenestene, sa Astrup til Klassekampen då statsbudsjettet blei lagt fram.

Regjeringa anslår den reelle veksten er på 700 millionar.

Git: master, Env: production, Sanity: production