Menn som blir slått, skammar seg og bagatelliserer valden. Og me tek ikkje vare på dei.
I terapi er det få tema som gjer at folk sluttar hos meg etter berre ein eller to timar. Ikkje alle sluttar, heldigvis. Men dei som framleis står midt i det, gjer det. Om lag halvdelen av dei. Det er for mange. Eigentleg burde ingen av dei slutte i terapi. Men dei gjer det. Temaet er for vanskeleg. Å bli møtt med empati er for vanskeleg.