Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Shirley» smeltar saman Shirley Jacksons biografi og litterære tema i ei filmatisk framstilling.Heimsøkte husmødrer

Heimsøkte husmødrer

DESPERATE HUSFRUER: Vil du dela flugesoppen med meg? Elisabeth Moss og Odessa Young i herleg samspel i «Shirley». 8 © FOTO: MER FILMDISTRIBUSJON

Ekteskap som driv kvinner til galskap og forfattarskap.

(USA, 2020)

Regi: Josephine Decker

Manus: Sarah Gubbins, etter Susan Scarf Merrells roman

Med: Elisabeth Moss, Michael Stuhlbarg, Odessa Young, Logan Lerman

Lengde: 1 t. 47 min.

Det særmerkte med filmmediet blir sørgjeleg ofte ignorert i filmindustrien: Film er bilde og lyd – også når manuskriptet er basert på ein roman. Av ymse grunnar – som respekt for litteraturen/lesarane, frykt for økonomiske kostnader, eller mistru til publikums tolkingsevne – vel mange regissørar å bildelegga litterære tekstar på så platt og kronologiske vis som mogleg, medan dei puttar all sentral informasjon i dialogen og drasjerer det heile i kjenslestyrande musikk.