- Noen av de store politiske kampene i vår tid står om hvordan arbeidslivet skal se ut. Hva er en god jobb, og hva skjer hvis jeg mister den? Hvor mye makt har jeg over arbeidstida mi, og kan jeg leve av én lønn? Slike spørsmål var sentrale for dem som bygde opp velferdssamfunnet, og de er ikke mindre viktige i dag i møte med app-økonomi, privatisering av offentlige tjenester og en oppmyket arbeidsmiljølov. Tidligere var for eksempel det å levere post og pakker en trygg og god jobb i Norge. Etter at regjeringen innførte fri konkurranse på levering av brev og pakker i 2016, har nye firmaer kommet til, flere med dårligere arbeidsforhold og lavere lønn.
Historia fortel mykje om pandemiar. Samtida må vi forstå sjølve.
Den andre bølgja
Verda er på veg inn i ei ny helg med koronarestriksjonar, demonstrasjonar mot dei same restriksjonane og smittefornektande, hedonistisk festing. Pandemien avdekker knekkpunkta til både individ og statar. Eit halvt år etter første nedstenging er dei globale smittetala enno på veg opp, og land som såg ut til å ha fått kontroll på virusspreiinga må igjen stramma inn på personleg fridom og yrkesaktivitet. Når denne «andre bølgja» røyner på i ein velferdsstat med så velregulert økonomi som den norske, kunne ein frykta at verdssamfunnet ville bli slukt av ein politisk eld like øydeleggjande som brannane i California. Det har – så langt – ikkje skjedd, jamvel om både covid-19 og karantenar truleg har gjeve ekstra energi til elles ulike opprør frå USA til Libanon og Kvite-Russland, fordi pandemien forsterkar ei eksistensiell kjensle av hast. At valden ikkje er verre, og at opprøra har progressive mål, kan ein ta som eit prov på at menneska er betre enn sitt rykte.