Du kan bla til neste sideBla med piltastene

FILOSOFI

Tilbake til røtene

HEILSKAP: Den svensk-norske kunstnaren Ludvig Uhlbors er inspirert av djupøkologisk filosofi som legg vekt på at alle ting i naturen har ein eigenverdi. Han har gått 450 kilometer i protest mot gruveplanane på Engebøfjellet ved Førdefjorden. Foto: Tom Henning Bratlie

Han gjekk med eit tre over eit fjell for å redda ein fjord. Kunstnar Ludvig Uhlbors blir inspirert av den radikale læra til Arne Næss.

For nokon betyr norsk sommar ferjekø eller fiskevær i Lofoten. Ludvig Uhlbors valde heller å gå Noreg på langs med ei lita fjellbjørk i sekken.