Norske toppfotballklubbar er verksemder med tresifra millionar kroner i omsetning og mange titals tilsette både sportsleg og administrativt. Kvifor har de ikkje meir orden i sysakene? Broren til Brann-trenar Kåre Ingebrigtsen, Kevin Ingebrigtsen, er agent eller formidlar for Kåre. Det vil seie at det er han som representerer trenaren i forhandlingar. Men han er også agent i agentfirmaet Stars & Friends, som representerer nokre hundre spelarar i Europa. Det vil seie at bedrifta SK Brann med om lag 120 millionar kroner i omsetnad kan bruke millionar av kroner på å kjøpe tenester frå broren til ein av toppleiarane. «Jeg ser ingen interessekonflikt,» sa Kevin Ingebrigtsen til Bergens Tidende i går.
MILLIONBUTIKK: Kjersti og Bjørn Grønmyr (i midten) har bygd opp barnehagekjeden Gnist, som i fjor solgte elleve bygg til det australske fondet Whitehelm Capital for en ukjent sum. Ekteparet har fra før tatt ut store utbytter fra barnehageselskapet. FOTO: RUNE PETTER NESS, ADRESSEAVISEN Rune Petter Ness