Joanna Rzadkowska
En flyktig frihet. Veien til Santiago de Compostela
Sakprosa
Flamme Forlag 2020, 224 sider
På dag 13, rettare sagt natt 13, av pilegrimsturen til Santiago de Compostela vaknar Joanna av ein infernalsk kløe på kroppen. Ho smør på kortison, som får kløen til å forsvinne, berre for å bli avlasta av angst: Er ho invadert av veggedyr? Ho søv uroleg resten av natta, med draumar om svarte kryp som kravlar og legg egg. Om morgonen er kløen borte: Var det berre ein åndeleg kløe som oppstår av alt det sinnet har virvla opp på starten av denne 40 dagar lange turen?