Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eksistensielt: Joanna Rzadkowska lindrar åndeleg kløe med kunnskap og kortison.

Reise utan ende

PILEGRIM: Joanna Rzadkowska har gått den lange vegen til Santiago de Compostela. FOTO: HEIDI FURRE
Sakprosa

Joanna Rzadkowska

En flyktig frihet. Veien til Santiago de Compostela

Sakprosa

Flamme Forlag 2020, 224 sider

På dag 13, rettare sagt natt 13, av pilegrimsturen til Santiago de Compostela vaknar Joanna av ein infernalsk kløe på kroppen. Ho smør på kortison, som får kløen til å forsvinne, berre for å bli avlasta av angst: Er ho invadert av veggedyr? Ho søv uroleg resten av natta, med draumar om svarte kryp som kravlar og legg egg. Om morgonen er kløen borte: Var det berre ein åndeleg kløe som oppstår av alt det sinnet har virvla opp på starten av denne 40 dagar lange turen?