Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ord mot ord: Kven kan og vil halde fanane høgt med sitt nei?

Den gode strid

Under lesinga av boka «Alt som var mitt» av Cissi Wallin, går det opp for meg at eg har møtt forfattaren. Då eg deltok i tv-programmet Store Studio med Anne Lindmo i 2005, var Wallin også gjest. Ho promoterte filmen «Tjenare kungen», som handlar om eit pønkband som prøver å kome seg opp og fram i verda, og som møter motstand, ofte mannssjåvinistisk. Hovudpersonen Abra, spelt av Josefin Neldén, får tilbod om spelejobb for bandet. Mannen som tilbyr dette knepper opp buksa, slenger fram pikken og legg seg til rette, medan han føreslår at ho skal «prata litt i mikken». Josefin lar pikken/mikken vere i fred. Men bandet får jobben, etter at det blir antyda at ei av dei andre jentene i bandet tar seg av «mikken». Og ein tenkjer sitt, om maktmisbruket, tausheita og strukturane, kven som vil og kan og kven som ikkje vil og kan halde fanene høgt med sitt NEI. Då eg møtte Cissi Wallin på bakrommet til NRK, var ho knapt 20 år gamal.