Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sian

  • Eg hadde som mange andre i generasjonen min demonstrasjonane mot Irak-krigen som ei politisk oppvakning. Fredsame, folkelege demonstrasjonar mot noko stort ute i verda. Mange har vakna på den måten. Det var attpåtil i Bergen, som ifølgje mitt anekdotiske inntrykk lenge har vore snillare i omgang med demonstrantar enn oslopolitiet. Då Sian var i Bergen på laurdag, var det ikkje eit særleg skilje mellom Oslo og Bergen lenger. Politiet møtte mannssterke med skjold, batongar, hjelmar, hundar og tåregass.