Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Debutroman: Lydia Sandgrens «Samlade verk» osar av litterært mot og modenskap.

Liv og verk

REFERANSAR: Lydia Sandgren sender tankene til Knausgård og Kjærstad. FOTO: EMELIE ASPLUND

I opninga av Lydia Sandgrens roman ligg hovudpersonen Martin Berg utstrekt på stovegolvet med haugar av papir på alle kantar rundt seg. Det ligg ein halvferdig roman der, og ein antologi med ei publisert novelle. Elles er det notatbøker, påskrivne serviettar og lausrivne lappar med litterære forsøk og feilsteg frå dei siste 25 åra. 50-årsdagen hans nærmar seg, og det same gjer gravferda til kunstnarvennen Gustav Becker. Dei to barna hans har byrja å flakse ut av redet. I femten år har han halde orden i redet åleine, etter at kona Cecilia Wikner Berg forlét han og ungane og forsvann. Sjølv har Martin drive forlag og elles fordrive den tida han kunne ha brukt til å gjennomføre eigne litterære prosjekt: «Martin tittade åt höger (papper), åt vänster (papper), och fäste åter blicken i taket. Så vitt og jungfruligt det var, så oskrivet!»