Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil ha tryggare kollektivreiser

KUTTAR: Helseminister Bent Høie ber arbeidsgivarar leggje til rette for at talet på reisande i kollektivtransporten kan halverast i rushtida. – Det kjem til å bli trongare på kollektivtransporten. Vi er nøydde til å redusere talet på reisande i rushtida der det er trongt, det vil krevje mykje av mange. Vi oppmodar alle som har moglegheit, til å gå eller sykle til jobb eller skule. Vi oppmodar arbeidsgivarar til å leggje til rette for at halvparten så mange brukar kollektivtransporten som vanleg i rushtida, seier Høie. Han oppmodar folk til å bruke heimekontor og saman sørgje for at det blir trygt for dei som må ta buss og bane i rushtida. ©NPK