Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil ha lågare terskel for varsling

SMITTE: Folkehelseinstituttet (FHI) visste om koronautbrotet på Hurtigruten i to dagar utan å varsle. Helseminister Bent Høie ber om raskare varsling framover. I ein e-post til NRK skriv Høie at embetsverket i Helse- og omsorgsdepartementet vart varsla onsdag førre veke, og at resten av passasjerane og offentlegheita skulle bli informert. Verken passasjerar eller media vart likevel varsla før fredag. Høie sjølv vart varsla torsdag. – I lys av at Hurtigruten likevel ikkje gjorde det vi fekk informasjon om at dei skulle gjere, vil vi be FHI ha ein lågare terskel for å gi direkte informasjon til offentlegheita om konkrete smitteutbrot, skriv Høie til NRK.©NPK