UTØYA: Naboane til det komande minnesmerket ved Utøya har gjennomført si eiga helseundersøking for å vurdere den psykiske belastninga knytt til stadsvalet. Det er Ressursklinikken som har fått oppdraget med å gjennomføre ei sakkunnig vurdering av den psykiske belastninga den valde staden for minnesmerket etter terrorangrepet på Utøya i 2011 medfører for naboane, melder NRK, som har fått innsikt i arbeidet. I ein rapport går det fram at fleire av dei som hittil er undersøkte, står i fare for å utvikle varig helseskade, dersom minnesmerket blir plassert ved Utøykaia. Naboane har òg saksøkt staten. I dag går fristen for tilsvar frå dei saksøkte ut.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene