Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bryggjer opp til listestrid i Venstre

KAMP: Det kan stå om Sveinung Rotevatn mot Terje Breivik i kampen om førsteplassen på Venstres stortingsliste for Hordaland. Breivik er sitjande stortingsrepresentant frå Hordaland og nestleiar. Rotevatn var førstekandidat for Sogn og Fjordane i førre val og er kandidat til å bli partileiar. Då er plassen i Sogn og Fjordane for uviss, skriv Bergens Tidende. Avisa har vore i kontakt med både Rotevatn og Breivik, men dei ønskjer å seie kva dei vil svare. Neste veke møtest nominasjonskomiteen som skal foreslå Venstres valliste for Hordaland. Ane Breivik, leiar i Bergen Venstre, stadfestar at både Rotevatn og Breivik er blant dei som er spelt inn av lokallaget.©NPK