Kvinna bak mennene fortel si historie frå grava. Suverent!
(USA, 2020)
Podkast av og med: Karina Longworth
Sesongtema: «Polly Platt. The Invisible Woman»
Lengde: Ti timelange episodar
Tilgjengeleg på podkastplattformer
Nøkkelanekdote: På slutten av 1960-talet var regissøren Howard Hawks («The Big Sleep») på restaurant med filmkritikar Peter Bogdanovich. Til liks med sine kollegaer i Frankrike (Godard, Truffaut) idealiserte Bogdanovich 1930- og -40-talets studioregissør Hawks som ein kunstnar. Og som franskmennene ville Bogdanovich sjølv ta steget frå kritikk til regi. Saman med si filminteresserte kone, den seinare produksjonsdesignaren, manusforfattaren og produsenten Polly Platt, intervjua Bogdanovich dei gamle heltane, for å få ein fot innom i bransjen.