Det har vore krevjande tider i Ulsteinvik dei siste vekene etter at lånegjevarane avslutta låneavtalane med Kleven verft. Det gjorde at dei kroatiske eigarane Div søkte om konkurs for tre selskap med til saman 440 tilsette: Kleven Verft, Kleven Maritime Technology og Kleven Maritime Contracting (KMC). Div tok over i januar.