Stryk i smittevern
Private barnehagar legg minst til rette for tilsette i risikogrupper:

Tilsette ved private barnehagar opplever i mindre grad at det vert tilrettelagt for smittevern på arbeidsplassen enn kva tilsette i kommunale barnehagar opplever.
Det kjem fram i ei spørjeundersøking Fagforbundet Barn og Oppvekst Oslo har gjort om smittevern i koronakrisa blant tilsette i oppvekstsektoren. Dei spurde er medlemer av Fagforbundet og tilsette i skular, skulefritidsordningar, kommunale og private barnehagar i Oslo.
Store skilnadar
Blant tilsette i private barnehagar svarar seks av ti som er i risikogrupper for korona, at det ikkje har vore tilrettelagt for dei med omsyn til smittevern på arbeidsplassen. For tilsette i ei risikogruppe ved kommunale barnehagar er tala tre av ti.
Det er såleis dobbelt så mange i private enn i kommunale barnehagar som oppgir at dei ikkje får tilrettelegging.
På spørsmålet om ein føler seg vareteken av arbeidsgjevar svarar sju av ti av alle spurde i undersøkinga at det gjer dei, også dei i ei risikogruppe.
Kostar å gjere tiltak
Leiar av Fagforbundet Barn og Oppvekst Oslo, Berit Tevik, seier at ho opplever at det er lettare for kommunale enn private barnehagar å legge til rette for dei tilsette.
– Eg trur det handlar om at dei kommunale føler meir på samfunnsansvaret enn dei private gjer, seier Tevik.
Ifølgje ho er økonomi ein viktig grunn til skilnadane i tilrettelegging mellom kommunale og kommersielle barnehagar.
– Det kostar pengar å setje inn ekstra tiltak for dei tilsette som har behov for det. Dei kommersielle driv for å tene pengar, seier Tevik.
– Kva tiltak kan barnehagane gjere for dei tilsette som er i ei risikogruppe?
– Om ein til dømes ikkje kan ha barna på fanget eller må reise med kollektivtransport til jobb, så kan ein legge til rette for heimekontor. Det vil ikkje gjelde så mange personar, så vi meiner det bør vere rom for det.
Er trygt i barnehagar
Administrerande direktør i Private barnehagers landsforbund, Anne Lindboe, trur ei mogleg årsak til at private barnehagar kjem dårlegare ut i undersøkinga når det gjeld tilrettelegging, skuldast ulike føresetnadar.
«Eg trur det handlar om at dei kommunale føler meir på samfunnsansvaret enn dei private gjer»
— BERIT TEVIK, LOKALLEIAR I FAGFORBUNDET
– Dersom ein tilsett i ein privat barnehage er i ein såpass risiko at han ikkje kan vere på jobb, så er det opp til legen å gi sjukemelding. I kommunale barnehagar kan ein kanskje lettare setje dei tilsette til andre oppgåver i kommunen, seier Lindboe.
Ho påpeikar også at det er krevjande med tilrettelegging for tilsette i barnehagar, fordi det er få arbeidsoppgåver der ein ikkje er i kontakt med barn.
– Vi legg vekt på smittevernopplæring og at barn og vaksne skal halde seg heime om dei føler seg sjuke.
Ifølgje Lindboe har desse tiltaka gitt resultat.
– Barnehagane rapporterer faktisk om lågare tal for eigenmeldt sjukefråvær etter at barnehagane opna opp igjen, seier Lindboe.
Fryktar for sjukdom
I spørjeundersøkinga svarar fire av ti at dei fryktar at dei kan bli sjuke på jobb. I risikogruppa svarar seks av ti at dei fryktar å bli sjuke.
Berit Tevik i Fagforbundet Barn og Oppvekst Oslo meiner at auka grunnbemanning og betre oppfølging frå leiarar kan trygge dei tilsette.
– Eg trur det handlar om den generelle frykta for å bli sjuk. Det er også mange tilsette i sektoren vi representerer som ikkje føler seg verdsett, seier Tevik.