Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Alle dei tilsette er sagde opp

UTAN JOBB: Dei tilsette ved konkursramma Kleven Verft i Ulsteinvik i Møre og Romsdal er sagde opp, men selskapet jobbar vidare med å skaffe nye eigarar. Dei tilsette vart orienterte om dei rutinemessige oppseiingane på eit allmøte tysdag, skriv Sunnmørsposten. – Vi har hatt informasjonsmøte i dag der vi har orientert om at vi jobbar for vidare verksemd ved verftet. Dei tilsette er samtidig orienterte om at alle er formelt oppsagde, men at dette berre er rein rutine, seier bustyrar Bjørn Åge Hamre. Han understrekar at det ikkje er nokon dramatikk i dette. – Dersom vi får nye eigarar, vil mange tilsette få tilbod om ny jobb. Kor mange det blir, veit vi ikkje, seier han.©NPK