Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Halvparten ute av arbeidsløyse

TILBAKE i JOBB: Etter at koronakrisa starta, har 431.100 personar registrerte seg som arbeidssøkjarar hos Nav. – Under koronakrisa gjekk Noreg på to veker frå å ha svært låg arbeidsløyse til den høgaste arbeidsløysa sidan krigen. Tre månader seinare er om lag halvparten av dei som har vorte arbeidslause under koronakrisa, ute av arbeidsløysekøen, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng i ei pressemelding. Nav opplyser at dei jobbar hardt for å utbetale ytingar til dei som har vorte arbeidslause eller permitterte, og at dei har behandla over 200.000 søknader om dagpengar under koronakrisa.©NPK