Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Symeisterskapen i Algerie

BERANDE ROLLE: Nedjma (Lyna Khoudri) er ikkje noko lettskremt offer. Ho nyttar designdraumen til demokratikamp. FOTO: STORYTELLING MEDIA

Studentinternatet blir eit kvinnefengsel i algeriske «Papicha».

(Papicha, Algerie/Frankrike, 2019)

Regi og manus: Mounia Meddour.

Manus: Mounia Meddour, Fadette Drouard.

Med: Lyna Khoudri, Shirine Boutella, Amira Hilda Douaouda, Yasin Houicha, Zahra Manel Doumandji, Marwan Zeghbib.

Lengde: 1 t. 48 min.

«Papicha» er ei lita forteljing om eit stort tema. Handlinga spinn rundt planlegginga av eit moteshow av og for kvinnelege studentar, men sidan dette skjer i Algerie i 1997, er arrangementet for ein (kvinne)politisk protest å rekna.