Studentinternatet blir eit kvinnefengsel i algeriske «Papicha».
(Papicha, Algerie/Frankrike, 2019)
Regi og manus: Mounia Meddour.
Manus: Mounia Meddour, Fadette Drouard.
Med: Lyna Khoudri, Shirine Boutella, Amira Hilda Douaouda, Yasin Houicha, Zahra Manel Doumandji, Marwan Zeghbib.
Lengde: 1 t. 48 min.
«Papicha» er ei lita forteljing om eit stort tema. Handlinga spinn rundt planlegginga av eit moteshow av og for kvinnelege studentar, men sidan dette skjer i Algerie i 1997, er arrangementet for ein (kvinne)politisk protest å rekna.