Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rekne

  • Denne veka kom ein angrande syndar til Bergen offentlege bibliotek. Ein lånar leverte inn ei bok som skulle vore innlevert 24. september 1959. Det var boka «Den frosne freden: Innfall og utfall mot den kalde krigen» frå 1952 av filosofen Arild Haaland. Sikkert ei spennande bok, men den store skandalen er at det ikkje er betalt gebyr for å gå over lånetida. Bergensavisen som omtalte saka, har rekna seg fram til at lånaren skulle betalt 1113 kroner, eller 14.914 kroner i dagens verdi.