Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Holocaust har vorte målet på absolutte vondskap. Det gjev historikarar ekstra utfordringar:

Moral og metode

DEBATTEN GÅR: Kjetil Braut Simonsen, forskar ved jødisk museum i Oslo, er ein av to redaktørar bak den nye boka «Historie og moral. Nazismen, jødene og hjemmefronten». Christopher Olssøn

Ei ny bok debatterer «nazismen, jødene og hjemmefronten», men eit direkte svar til Marte Michelet er det ikkje, ifølgje redaktørane.

Nordmenns interesse for andre verdskrig er velkjent. Det var likevel oppsiktsvekkjande då 500 Oslo-folk forlét julestria den 20. desember i 2018 for gå på eit seminar om Marte Michelets bok «Hva visste Hjemmefronten?» (Gyldendal).