Forteljing eller fakta

(Trial by Media, USA, 2020)
Produsert av: George Clooney, Grant Heslov m.fl.
Lengde: Seks timelange episodar
Vist på: Netflix
«Dømt av media» er ein tittel som vekkjer interesse. Journalistikkens rett og plikt til å opplysa allmenta står alltid i eit spaningsforhold til juss, personvern og politikk. Det skulle vera nok å minna om dei største metoo-sakene i Skandinavia, VGs sjølvgransking av Bar Vulkan-saka og SVTs kritiske (og kritiserte) gjennomgang av Virtanen-saka. Men den som går til Netflix’ nye dokumentarserie med forventingar om å sjå ein dagsaktuell, journalistetisk grenseoppgang mot heksejakter eller folkedomstolar, vil bli skuffa. Serien er likevel interessant, men i første rekkje innanfor ei amerikansk kulturell og politisk ramme.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent