Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jamstilt

  • I studietida var eg aktivt medlem i Studentmållaget i Bergen. Ein dag det var fint ver, hadde me ein stand utanfor SV-fakultetet på universitetet. Me stod der og steikte vaflar som me gav til folk, delte ut ei slags retrosatireavis me hadde laga, gav vekk klistremerke til postkassar «Nei takk til uadressert reklame på bokmål – nynorsk? Meir enn gjerne», og verva medlemmar til den internasjonale målrørsla. Rett og slett ein utruleg triveleg dag. Så kom det nokon og spurte om me markerte jamstillingsvedtaket. Det hadde nemleg eit ikkje særleg rundt jubileum. Det hadde me ikkje tenkt på, men resten av dagen feira me jamstillingsvedtaket.