Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Drosjereforma blir utsett

RAUDT LYS: På grunn av koronapandemien blir drosjereforma til regjeringa utsett til november. Det gjer at aktørar som Uber må vente med å køyre norske passasjerar. – Som følgje av covid-19 har det vore ein nedgang i etterspørselen etter drosjetenester på opp mot 90 prosent. Vi meiner det vil vere krevjande for drosjenæringa å gå inn i ein periode med reform og nye rammevilkår midt i ein veldig vanskeleg periode, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF). Opphavleg skulle reforma, som er meint å gi betre konkurranse og betre tilbod til dei reisande, tre i kraft 1. juli. Då vil det ikkje lenger vere avgrensingar på talet på drosjer i byane. ©NPK