Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ja, kva er eigentleg luksus? Ikkje spør Henrik Syse.

Blir vi blinde for eigne privilegium når vi når eit visst nytelsesnivå?

© ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Det skjer mykje rart for tida. Eg vil likevel påstå at det raraste som skjedde sist veke, var Henrik Syse sin performance på Dagsnytt atten måndag. Han var der for å kommentere Nicolai Tangen sitt etter kvart mykje omtalte seminar i USA, der han sjølv hadde deltatt, og eg såg seansen på tv. Henrik Syse sat og smålo, så forundra var han over at nokon kunne stille spørsmål ved dette. For seminaret var ikkje «særlig luksuriøst». Mange vil sikkert meine at det var mykje i den saka om det seminaret som var mykje rarare, og ikkje minst verre, enn Henrik Syses svake forsvar av eigen deltaking, men for meg var det akkurat dette som var det raraste: Henrik Syse, professor, fredsforskar, filosof og kristen, sat i eit seriøst debattprogram på fjernsyn og forsvarte luksusgåver frå kameraten Nicolai Tangen med at Tangen «liker å dele», og med ytringar som nærma seg sterkt «fordi jeg fortjener det».